Færøyane (tyder «saueøyane») er ei øygruppe som ligg nord for Skottland. Øyane var tidlegare ein del av Noregsveldet, men har sidan 1814 vore ein del av Kongeriket Danmark. Færøyane vart likevel allereie i 1709 administrativt lagt til Sjælland stift. Sidan 1948 har øyane hatt indre sjølvstende, med to representantar i det danske Folketinget. Administrativt er Færøyane delt opp i seks sysler og 34 kommunar. Færøyane er ikkje medlem av EU, trass i at Danmark er det.