Den tsjekkiske republikken eller berre Tsjekkia (tsjekkisk: Česká republika eller Česko) er eit land på grensa mellom Aust- og Mellom-Europa, og er omgjeve av land på alle kantar. Det grensar mot Tyskland i vest, Austerrike i sør, Slovakia i aust og Polen i nord. Landet vart oppretta 1. januar 1993 og omfattar dei historiske landskapa Böhmen (tsjekkisk Čechy) og Mähren (Morava), i tillegg til ein liten del av Schlesien (Moravské Slezsko). Landet utgjorde fram til 1993 saman med det noverande Slovakia staten Tsjekkoslovakia. Tsjekkia blei med i NATO i 1999 og i EU i 2004.