Suomi Українська فارسی Tiếng Việt Lietuvių Bahasa Melayu Galego Slovenčina हिन्दी 日本語 Español English Русский Română 한국어 Português Eesti Français 中文 Polski Magyar Svenska ไทย العربية Nederlands Čeština Deutsch Italiano Norsk (Bokmål) Hrvatski Català Türkçe עברית
Kjempebuddhaen i Leshan er ein skulptur i byprefekturet Leshan i Sichuan i Kina, hogd ut av berget ved åmotet mellom dei tre elvane Min Jiang, Dadu He og Qingyi. Figuren vart hogd ut or fjellsida av buddhistiske munkar i tida mellom 719 og 803. Skulpturen er 71 m høg, skuldrene er 28 m breie, dette gjer den til verdas største statue av Buddha. Hovudet er 15 meter høgt og 10 meter breitt. Øyrene er sju meter lange.