Bilbaoestuaret

Euskara Français Español English Català Galego Svenska Português

Bilbaoestuaret
Wikipedia

Bilbaoestuaret (spansk Ría de Bilbao, baskisk Bilboko Itsasadarra) er eit estuar danna av elvane Nervion, Ibaizabal og Cadagua, som drenerer det meste av Bizkaia og delar av Alava i regionen Baskarland i Spania. Det er eit stort estuar som er 16 km langt og strekkjer seg frå Bilbao til Bilbao Abra-bukta. Dette gjer at det er mogeleg for havgåande skip å nå hamna i Bilbao, men dei siste åra har hamna i sjølve Bilbao vorte ombygd til bustadområde, medan ein har bygd ei ny hamn heilt ute ved kysten ved Santurtzi og Zierbena.




Impressum