Kadishadalen

Tiếng Việt Lietuvių Українська 日本語 Español English Русский Français Polski Svenska العربية Português Čeština Deutsch Euskara Italiano Српски / Srpski Hrvatski Türkçe עברית

Kadishadalen
Wikipedia

Kadishadalen (òg kalla Qadishadalen, Wadi Qadisha, Ouadi Qadisha eller وادي قاديشا på arabisk) er ein dal som ligg i Becharre og Zgharta distrikt i Nord guvernement i Libanon. Dalen er ei djup kløft i Kadishaelva, òg kalla Nahr Abu Ali når ho når Tripoli. Kadisha tyder «Heilag» på arameisk, og dalen, stundom kalla Den heilage dalen, har verna kristne klostersamfunn i hundrevis av år. Integriteten til dalen er i fare på grunn av stadig utbygging, ulovlege bygg og inkonsekvent bevaringstiltak. Sjølv om dalen ikkje enno er på farelista til UNESCO, har det vore åtvaringar at om utbygginga held fram, så kan dette bli det neste steget.




Impressum