Suomi فارسی Tiếng Việt Galego తెలుగు Magyar Nederlands Slovenščina Српски / Srpski Norsk (Bokmål) Bahasa Melayu Português Română Français Euskara Català Svenska Lietuvių 日本語 Español Slovenčina 中文 Dansk ไทย Čeština Deutsch Italiano Hrvatski Українська Ελληνικά हिन्दी English Русский 한국어 Eesti Polski العربية Türkçe עברית
Det kvite huset (engelsk White House) er presidenten i USA sin embetsbustad, og viktigaste arbeidsstad. Namnet vert nokre gonger nytta om presidenten sitt kanselli (administrasjon).
Det kvite huset ligg i nordvest i Washington D.C., på gateadressa 1600 Pennsylvania Avenue. Bygging av huset vart vedteke i 1790 og president George Washington og byplanleggjaren Pierre L'Enfant valde byggjestaden saman. Arkitekten vart vald i ein konkurranse med James Hoban som vinnar, og grunnsteinen vart lagd den 13. oktober 1792. James Hoban si formgjeving av huset tok utgangspunkt i Leinster House, eit slott i Dublin. Slottet er seinare vorte hovudsete for parlamentet i den irske republikken. Namnet det kvite huset vart først nytta av president Theodore Roosevelt i 1901.