Osterøy kommune

Suomi Tiếng Việt Bahasa Melayu Español English Русский Română Français 中文 Polski Dansk Svenska Català Nederlands Português Slovenščina Euskara Deutsch Italiano Norsk (Bokmål)

Osterøy kommune
Wikipedia

Osterøy er ein kommune i Vestland fylke, som utgjer mesteparten av øya Osterøy i Nordhordland. Osterøy er den største innlandsøya i Noreg, og ligg nordaust for Bergen. Heile øya er ikkje ein del av kommunen Osterøy; den nordaustlege delen høyrer til Vaksdal kommune. Øya er på 324 km², medan kommunen er på 254 km². Kring Osterøy er fjordane Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. I Vaksdal kommune vart øya knytt til fastlandet i 1985 med Kallestadsundet bru mellom Kallestad på øya og Stamnes på fastlandet. Øya vart på nytt knytt til fastlandet i 1997, då Osterøybrua mellom Kvisti og Herland stod ferdig. Fotballtrenaren Mons Ivar Mjelde, fotballspelaren Erlend Hanstveit og dessutan målmannen Ola Raknes kjem frå Osterøy, og Ole Bull hadde ein landstad på øya.




Impressum