Gran Telescopio Canarias

فارسی Lietuvių Українська Galego 日本語 Español English Русский Română Português Français 中文 Polski Magyar Svenska Nederlands العربية Čeština Deutsch Euskara Italiano Català

Gran Telescopio Canarias
Wikipedia

Gran Telescopio Canarias er eit teleskop på La Palma på Kanariøyane, og eit av dei tre største optiske teleskopa i verda. Det er bygd med Spania som hovudeigar, men med noko deltaking av Mexico og USA, til ein kostnad av 100 millionar dollar. Hovudspegelen har ein diameter på 10,4 m og er delt opp i 36 femkanta, rørlege element som opprettheld den korrekte forma gjennom datastyring. Teleskopet er plassert på fjelltoppen Los Muchachos i 2500 m høgd nær Nordisk optisk teleskop og det italienske Galileo-teleskopet. Observasjonstilhøva der er særs gode. GTC vart tilgjengeleg for eksterne brukarar i 2006. Teleskopet er ein del av European Northern Observatory.




Impressum