Skallelv kapell

English Norsk (Bokmål)

Skallelv kapell er ei gulmåla langkyrkje frå 1961 i Skallelv i Vadsø kommune i Finnmark fylke. Bygget vart opphavleg sett opp i 1901 og tente som skulehus for bygda til 1953. Fyrst på 1960-talet vart det ombygd til kapell etter teikningar laga av Rolf Harlew Jenssen. Inventaret er frå byggjeåret eller seinare. Døypefonten er i tre og er laga av Rolf Harlew Jenssen. Altertavla er ein enkel kross laga ved Stocks Snekkerverksted. Der vart òg preikestolen laga.

Wikipedia



Impressum