Mount Doumani er eit markant fjell, 3240 moh, som ligg mellom Johnsbreen og Kansasbreen ved nordsida av Watson Escarpment. Det vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960–63, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter George A. Doumani, ein geolog ved Byrd-stasjonen vinteren 1959. Doumani utforska Horlick Mountains det året og i 1960–61, 1961–62 og 1964–65. Han vitja Mount Weaver-området i 1962–63.