Khabur

Suomi فارسی Lietuvių Ελληνικά Galego 日本語 Español English Русский 한국어 Português Français 中文 Polski Magyar Svenska العربية Nederlands Čeština Deutsch Українська Italiano Norsk (Bokmål) Català Türkçe עברית

Khabur
Wikipedia

Khabur (arabisk الخابور al-khābūr, hebraisk כבר Kebar, kurdisk Xabûr, gammalsyrisk ܚܒܘܪ ḥābur/khābur, tyrkisk Habur) er den største sideelva til Eufrat i Syria. Sjølv om Khabur spring ut i Tyrkia, er den karstiske kjelda kring Ra's al-'Ayn hovudvasskjelda for elva. Fleire viktige periodiske elvar møter Khabur nord for Al-Hasakah, og dannar i lag det som vert kalla Khaburtriangelet eller Øvre Khabur. Frå nord til sør minkar den årlege nedbørsmengda i Khabur-området frå over 400 mm i året til mindre enn 200 mm, så elva har vore ei viktig vasskjelde for jordbruket i området gjennom historia. Khabur møter Eufrat nær byen Busayrah.




Impressum