Mirny Peak

中文 Deutsch English Svenska

Mirnyy Peak er eit markant fjell, 750 moh, 4 nautiske mil (7 km) nordaust for Enigma Peak nord på Rothschild Island. Det vart truleg først sett frå avstand i 1821 av den første russiske antarktisekspedisjonen, leia av Faddej Bellingshausen og Mikhail Lazarev. Det vart fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS), 1939–41, og grovt kartlagd. Det vart kartlagd i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter sluppen «Mirny» som Mikhail Lazarev var kaptein på under ekspedisjonen.

Wikipedia



Impressum