Mount Kring

中文 Deutsch English Svenska

Mount Kring er ein spiss nunatak heilt nord og øvst ved Davidbreen i Oates Land, 13 nautiske mil (24 km) sørvest for Mount Wood i Victoria Land. Han hadde ikkje vore kartlagd då han i lag med Mount Wood vart nytta som eit referansepunkt under opprettinga av ei feltgruppe frå US Antarctic Research Program (USARP) den 6. november 1962. Han vart namngjeven av D.B.McC. Rainey frå kartografiavdelinga til det newzealandske departementet for landmåling etter stabssersjant Arthur L. Kring i United States Marine Corps (USMC), som var navigatør på mange flyturar for skvadron VX-6 i 1962-63 då feltgrupper frå New Zealand fekk hjelp av denne skvadronen.

Wikipedia



Impressum