Mount Pitman er eit fjell med to hovudsakleg isdekte, kuppelforma fjelltoppar, den høgaste i nord har ei høgd på opp mot 1830 moh. Det ligg 9 nautiske mil (17 km) innover frå George VI Sound, mellom Riley- og Chapmanbreen på vestkysten av Palmer Land. Det vart først kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1954 etter E.L. tman, ein snikkar frå Byfleet i Surrey, som laga sledane nytta av BGLE, 1934–37, og som innførte viktige nye element i utforminga av Nansen-sleden.