Sis

English

Sis (tyrkisk Sis Dağı) er eit fjell i Görele i provinsen Giresun i Tyrkia. Det har ei høgd på 2182 meter over havet. Sis-festivalen (tyrkisk Sis Dağı Şenlikleri) trekkjer til seg hundrevis av folk frå Giresun og Trabzon som vitjar toppen av fjellet. Under festivalen har deltakarane på seg tradisjonelle klede. Den første Sis-festivalen skal ha vorte halden i 1830-åra. Sis har òg eit platå som vert kalla Sis Dağı Yaylası.

Wikipedia



Impressum