Nadeždyhalvøya

中文 Deutsch English Svenska

Nadeždyhalvøya er ei berr halvøy som er 1 nautisk mil (1,9 km) lang og som ligg like utanfor nordsida av Vassfjellet i Dronning Maud Land. Ho vart først fotografert frå lufta av Den tyske antarktisekspedisjonen, 1938-39. Ho vart kartlagd av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1961 som ei øy og gjeve namnet Ostrov Nadezjdyj (Håpøya). Sidan vart det oppdaga at ho er landfast og i røynda ei halvøy. Det norske namnet vart foreslått av Norsk Polarinstitutt i 1991.

Wikipedia



Impressum