Titisee

Nederlands Italiano Čeština Deutsch Español English Français Русский Català 中文 עברית

Titisee
Wikipedia

Titisee er ein innsjø sør i Schwarzwald i Baden-Württemberg i Tyskland. Det er sagt at han fekk namnet sitt frå den romerske keisaren Titus. Han dekkjer eit areal på 1,3 km² og er 40 meter djup på det djupaste. Innsjøen vart danna av Feldbergbreen, som grov seg ned i området under den siste istida før han trekte seg tilbake. Titisee ligg 840 meter over havet og utsiget skjer gjennom elva Gutach (eller Wutach som ho vert kalla lenger nede). På nordsida av innsjøen ligg det ein kurstad med same namn som innsjøen, og som i dag er ein del av byen Titisee-Neustadt.




Impressum