Outback Nunataks

中文 Deutsch English Svenska

Outback Nunataks er ei rekkje berre nunatakar og fjell som er fordelt over eit område som er kring 60 km langt og 32 km breitt. Gruppa ligg sør for Emlen Peaks i Usarp Mountains og vest for Monument Nunataks og øvre Rennickbreen, ved sidan av det indre isplatået. Dei vart oppdaga av gruppa i U.S. Victoria Land Traverse 1959–60, og kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1959-64. Dei fekk dette namnet av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) på grunn av den fjerntliggande plasseringa på baksida av det store fjellbeltet som strekkjer seg frå Rosshavet til det indre isplatået.

Wikipedia



Impressum