Shannon Pot

Magyar English

Shannon Pot
Wikipedia

Shannon Pot (Lag na Sionna på irsk) er ein innsjø eller turlough i County Cavan i Republikken Irland. Han ligg i fjellsida til Cuilcagh og har oppstått i eit søkk i eit vassførande sjikt. Naturlege svingingar i vassjiktet fører til at innsjøen stundom vert tørrlagd. Innsjøen er kjelda til elva Shannon.




Impressum