Suomi فارسی Tiếng Việt Galego Türkçe Magyar Nederlands Slovenščina Српски / Srpski Norsk (Bokmål) Bahasa Melayu Português Română Français Euskara Català Svenska Lietuvių 日本語 Español Slovenčina 中文 Dansk ไทย Čeština Deutsch Italiano Hrvatski Українська Ελληνικά हिन्दी English Русский 한국어 Eesti Polski العربية עברית
Zürich er den største byen i Sveits og har 372 047 innbyggjarar (2010) og eit areal på 92 km². Han er hovudstad i kantonen Zürich, og er det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Zürich er ein leiande global by og eit av dei største finanssentera i verda. I følgje undersøkingar frå 2006 til 2008 var Zürich den byen i verda med høgast levestandard, og den mest velståande byen i Europa.
Byen er eit trafikknutepunkt for vegar, jernbane og luftfart. Både lufthamna og jernbanestasjonen i byen er dei største og travlaste i landet.