Ponton Island

中文 Deutsch English Svenska

Ponton Island er ei lita øy som ligg 1,5 nautiske mil (2,8 km) søraust for Moureaux Islands inst i Flandres Bay, utanfor vestkysten av Graham Land. Namnet «Islote Solitario» er første gong nedskrive på eit argentinsk kart i 1954, men vart avslått for å ikkje forveksle ho med Islote Solitario ved 67º52'S, 68º26'W. Øya fekk nytt namn av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1960, etter Mungo Ponton (1802–80), ein skotsk oppfinnar som i 1839 oppdaga at kaliumbikromat spreidd på eit papir er lyssensitivt, ei viktig oppdaging i utviklinga av fotografiet.

Wikipedia



Impressum