Stanton Hills er ei gruppe laust samla nunatakar som strekkjer seg over 12 nautiske mil (22 km) og stig til kring 1300 moh, med senter kring 8 nautiske mil (15 km) vest for Mount Neuner i Behrendt Mountains, sør i Palmer Land. Ho vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi tekne av U.S. Navy i 1961-67 og namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter at eit geolog-lag frå USGS vitja området 1977–78, etter kapteinløytnant Ronald A. Stanton i US Navy, flykaptein på LC-130 Hercules-flyet som støtta gruppa.