Svenner i Antarktis

中文 Deutsch English Svenska

Svenner er ei lita gruppe øyar og skjer som ligg 14 nautiske mil (26 km) sørvest for Rauer søraust i Prydzbukta. Dei vart oppdaga i februar 1935 av ein norsk ekspedisjon leia av kaptein Klarius Mikkelsen. Han kartla dei to største øyane i gruppa og kalla dei opp etter Svenner nær Sandefjord i Noreg. Gruppa vart kartlagd i større detalj frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936-37.

Wikipedia



Impressum