Kyle Hills

中文 Deutsch English Svenska

Kyle Hills er ei gruppe vulkankjegler, åsar, ryggar og toppar aust på Ross Island mellom Mount Terror og Cape Crozier. Åsane strekkjer seg 8 nautiske mil (15 km) frå aust til vest og strekkjer seg frå havnivå ved Cape Crozier til kring 2600 moh i Mount McIntosh ved vestenden av gruppa. Den lokale skardhøgda er opp mot 200 meter. Dei vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (2000) etter Philip R. Kyle, ein professor i geokjemi ved New Mexico Institute of Mining and Technology i Socorro som arbeidde mykje i Antarktis over 28 sesongar frå 1969–2000 med langvarig fokus på Mount Erebus. Han leia Mount Erebus Volcano Observatory i 2000.

Wikipedia



Impressum