Vincent Islands

Deutsch 中文 English Español

Vincent Islands er ei lita øygruppe inst i King Haakon Bay på sørsida av Sør-Georgia. Ho vart grovt kartlagd av den britiske ekspedisjonen under Shackleton i 1914–16, og vart så kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57. Øygruppa vart gjeven namn av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter J. Vincent, båtsmann på «Endurance», 1914–16, som var med Shackleton i livbåten «James Caird» under den kjende reisa frå Elefantøya til King Haakon Bay under Endurance-ekspedisjonen.

Wikipedia



Impressum