Walker Mountains er ei rekkje med fjelltoppar og nunatakar, som ligg forholdsvis spreidd, men som følgjer ei linje frå aust til vest på Thurston Island. Dei vart oppdaga av kontreadmiral Byrd og medlemmar av U.S. Antarctic Service (USAS) på ein flytur frå skipet «Bear» den 27. februar 1940. Fjella vart namngjevne av US-SCAN etter løytnant William M. Walker, kaptein på US Exploring Expedition-skipet «Island» den 23. mars 1839.