Walton Mountains

中文 Deutsch English Svenska

Walton Mountains er ei isolert rekkje av tre snødekte fjelltoppar som stig opp til kring 1450 moh ved Mount McArthur, som strekkjer seg 40 km sørover frå Schubert Inlet sentralt på Aleksanderøya i Antarktis. Fjellet vart først sett frå lufta av Lincoln Ellsworth den 23. november 1935, og grovt kartlagd av W.L.G. Joerg frå flyfoto teken under denne flyturen. Det vart sett på ny frå lufta av United States Antarctic Service i 1940, og i 1947 av Ronne Antarctic Research Expedition under Rønne. Rønne namngjav fjella etter R.C. Walton i United States Marine Corps ved Office of Naval Research, som var viktig i å få låne skip og sikre assistanse frå marinen under ekspedisjonen.

Wikipedia



Impressum