Wegener Range

中文 Deutsch English Svenska Norsk (Bokmål)

Wegener Range er ei fjellkjede med fjelltoppar over 1800 moh. søraust i Palmer Land i Antarktis. Ho strekkjer seg 80 km frå nordvest til søraust mellom Maurybreen og Fentonbreen. Fjellkjeda vart først fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS), 1940. Ho vart fotografert på nytt av U.S. Navy i 1966–69, og kartlagd frå bileta av US Geological Survey (USGS). I samband med at fleire namn i området er kalla opp etter forskarar på kontinentaldrift, vart fjella namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter professor Alfred L. Wegener.

Wikipedia



Impressum