Wegger Peak

English 中文 Svenska

Wegger Peak er eit fjell, 305 moh, på vestsida av innløpet til Mackellarfjorden i Admiralty Bay på King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Namnet «Le Poing» (Knytneven) vart gjeve til ei høgd i dette området av Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot i 1908-10. Sjølv om kartet til Charcot syner ein enkel fjelltopp her, er det fire fjelltoppar i nærleiken og det var uklårt kva for ein Charcot hadde namngjeve. I 1958 vart det foreslått av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) at namnet kunne syne til alle fire. United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) avslo dette og nye namn vart tilrådd av UK-APC i 1960. Wegger Peak er kalla opp etter Ole Wegger (1859–1936), direktør i 47 år på Framnæs Mekaniske Værksted i Noreg, skipsverftet som utrusta «Admiralen» med ein slipp for kvalfangst.

Wikipedia



Impressum