Welch Mountains

中文 Deutsch Polski English Español Svenska

Welch Mountains er ei fjellkjede som dominerer området aust på Dyer Plateau i Palmer Land. Den høgaste toppen er 3015 moh og fjella ligg 46 km nord for Mount Jackson. Desse fjella vart truleg sett frå lufta av Ellsworth i 1935 og nordenden av dei vart skissert i 1936 av eit hundesledelag under Rymill under British Graham Land Expedition (BGLE). I 1940 vart dei fotograferte frå lufta og kartlagde frå bakken av U.S. Antarctic Service (USAS), og i ekspedisjonsrapportar og kart vart dei rekna for å vere fjella som Ellsworth kalla Eternity Range. Fjella vart kartlagde i detalj av US Geological Survey (USGS) i 1974. Dei vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kontreadmiralDavid F. Welch, kommandør i U.S. Naval Support Force i Antarktis, 1969-71.

Wikipedia



Impressum