Wilson Hills

中文 Deutsch English Svenska

Wilson Hills er ei gruppe spreidde åsar, nunatakar og fjellryggar som strekkjer seg kring 110 km frå nordvest til søraust mellom Matusevichbreen og Pryorbreen i Antarktis. Dei vart oppdaga av løytnant Harry Pennell i Royal Navy under Terra Nova-ekspeidsjonen i februar 1911, den siste ekspedisjonen til Robert Falcon Scott, og namngjeve etter dr. Edward A. Wilson, ein zoolog under ekspedisjonen, som omkom i lag med Scott på attendereisa frå Sørpolen.

Wikipedia



Impressum