Bitlis

فارسی Tiếng Việt Lietuvių Ελληνικά 日本語 Español Русский Română 한국어 Bahasa Melayu Italiano Français 中文 English Polski Magyar Svenska ไทย العربية Nederlands Čeština Deutsch Українська Српски / Srpski Português Norsk (Bokmål) Català Türkçe

Bitlis
Wikipedia

Bitlis (armensk Բաղեշ Baghesh eller Բիթլիս Bitlis; gammalsyrisk ܒܝܬ ܕܠܝܣ Beṯ Dlis; kurdisk Bidlîs; osmansk-tyrkisk بتليس) er ein by aust i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Bitlis. Byen har kring 45 000 innbyggjarar (2010) og ligg 1400 meter over havet, 15 km frå Vansjøen, i ein trong dal ved elva Bitlis, ei sideelv til Tigris. Hovudnæringa er hovudsakleg basert på jordbruksprodukt, som frukt, korn og tobakk. Bitlis har vegsamband til andre byar som Tatvan ved Vansjøen, 25 km mot nordaust, og Muş (Mush), 100 km nordvest, og Diyarbakır, 200 km mot vest.




Impressum