Cape Menzel er eit høgt nes heilt nord på den elles isdekte Lofgren Peninsula i den nordaustlege delen av Thurston Island. Det vart oppdaga frå helikopter frå USS Burton Island og av mannskapet på U.S. Navy Bellingshausen Sea Expedition i februar 1960. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Reinhard W. Menzel, geomagnetist og seismolog ved Eights Station vinteren 1965.