Victoria Terrasse er ei li langs nordaustkysten av den norske Bouvetøya i Sør-Atlanteren. Ho startar ved Kapp Lollo og Mokollen heilt aust på øya, og strekkjer seg langs kysten 3,9 km nordvestover til området der kysten svingar vestover mot Kapp Valdivia. I motsetnad til dei andre kyststrekningane på Bouvetøya har ikkje kysten nedanfor Victoria Terrasse fått eit eige namn.