Big Ben på Heardøya

Français 中文 Deutsch Slovenčina English Svenska Русский

Big Ben på Heardøya
Wikipedia

Big Ben er eit vulkansk fjellmassiv som dominerer geografien på Heardøya i det sørlege Indiahavet. Det er ein komposittkjegle med ein diameter på kring 25 kilometer. Den høgaste toppen er Mawson Peak, på 2745 meter over havet. Mykje av fjellet er dekt av is, inkludert 14 store isbrear som glir ned frå Big Ben til sjøen. Big Ben er det høgaste fjellet i australsk territorium. Eit mindre vulkansk nes, Laurenshalvøya, strekkjer seg kring 10 km i nordvest, skapt av ein separat vulkan, Mount Dixon. Det høagste punktet her er Anzac Peak, på 715 moh.




Impressum