Blåsjø

Eesti Dansk Deutsch Norsk (Bokmål)

Blåsjø
Wikipedia

Blåsjø er ein regulert innsjø og det største vassmagasinet i Ulla-Førre-anlegget, med eit energipotensial på ca. 7,7 TWh. Han ligg i kommunane Hjelmeland og Suldal i Rogaland fylke, samt i Bykle i Agder fylke. Med eit areal på 84,48 km² er han den niande største innsjøen i Noreg. Rundt Blåsjø finn ein fleire av dei største dammane i Noreg: Oddatjørndammen, Storvassdammen og Førrevassdammen. Til saman demmer elleve dammar opp sjøen.




Impressum