Sveagruva

Suomi Українська Español English Русский Français Polski Dansk Svenska Magyar Nederlands Čeština Deutsch Italiano Norsk (Bokmål) Català עברית

Sveagruva
Wikipedia

Sveagruva er ei kolgruve på Svalbard inst i Van Mijenfjorden på Vest-Spitsbergen. Ved gruva finn ein den tredje største busettinga på Svalbard. Staden har kring 200 innbyggjarar. Gruvedrifta vart starta i 1917 av svenske Jernkontoret. Av dette kjem namnet Svea, på svensk Sveagruvan. Gruva vart kjøpt opp av Store Norske Spitsbergen Kulkompani i 1934. Utvinninga stoppa opp i tida 1949-1970, stogga på nytt ei tid frå 1987, men vart seinare teke opp att. Sommaren 2005 braut det ut ein større brann i gruva. Brannen vart ikkje sløkt før etter fem veker. Kostnadane for brannsløkking vart kring 700 millionar kroner.




Impressum