Vestre Jakobselv

Nederlands Español English Svenska Bahasa Melayu Norsk (Bokmål) Română

Vestre Jakobselv
Wikipedia

Vestre Jakobselv (nordsamisk Ánnejohka, finsk Annijoki) er ein tettstad i Vadsø kommune i Finnmark. Det er vanleg å kalle staden berre Jakobselv i daglegtale. Staden ligg ved Varangerfjorden, ca 17 km vestom Vadsø by. E75 går gjennom staden. Lakselva Jakobselv renn ut i fjorden her. Staden har barne- og ungdomsskule, samfunnshus, symjehall, golfbane, fotballbane og ljosløype. Idrettslaget Polarstjernen held til i Vestre Jakobselv.




Impressum