Skatval

Eesti Français Nederlands Deutsch Español Dansk English Bahasa Melayu Norsk (Bokmål) Magyar Svenska

Skatval
Wikipedia

Skatval er ei bygd og ein tettstad i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke. Bygda utgjer òg eit eige kyrkjesokn, som tilsvarar den tidlegare Skatval kommune, som vart slått saman med Stjørdal, Lånke og Hegra kommunar den 1. januar 1962. Midt i bygda ligg Skatval sentrum, som er ein liten tettstad som har vekse fram sidan jarnbanen med stasjonen vart lagt innom her for om lag 100 år sidan. Resten av bygda har vekse fram som ei landbruksbygd gjennom tusenar av år. Sentrumsområdet har i dag 917 innbyggjarar per 1. januar 2017, mens bygda til saman har i om lag 2 500 innbyggjarar. Altså bur dei fleste enno i grendene.




Impressum