Mount Bumstead

中文 Deutsch English Svenska

Mount Bumstead er eit stort, isolert fjell, 2990 moh, som ligg 10 nautiske mil søraust for Otway Massif i Grosvenor Mountains. Det vart oppdaga av Richard E. Byrd på ein flytur under Byrd-ekspedisjonen til Sørpolen i november 1929 og vart namngjeve av han etter Albert H. Bumstead, sjefskartograf i National Geographic Society på den tida, og oppfinnar av solkompasset, eit apparat som nytta solskuggen til å finne retninga i område der magnetiske kompass ikkje er til å lite på.

Wikipedia



Impressum