Senja

Suomi فارسی Lietuvių Українська Galego Español English Русский Eesti Français 中文 Polski Dansk Svenska العربية Nederlands Português Čeština Deutsch Italiano Norsk (Bokmål) Català

Senja
Wikipedia

Senja er ei øy i Troms. Øya er med eit areal på 1586,3 km² den nest største i fastlands-delen av Noreg, og ligg i kommunen Senja, som også dekker ein del av fastlandet i aust. Før 2020 var øya delt mellom dei fire kommunane Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik. Øya har spreitt busetnad, fråflytta småsamfunn, levedyktige samfunn og i underkant av 8000 innbyggarar. Folkesetnaden er størst på innsida av øya langsetter Gisundet. Den største tettstaden på øya er Silsand, som ligg med Gisundbrua som knyter Senja til fastlandet. Det største fiskeværet på Senja er Gryllefjord i Torsken kommune, som har ferjesamband om sommaren til Andenes på Andøya i Vesterålen.




Impressum