Port Hills

Français 中文 Deutsch English

Port Hills er ei fjellrekkje på New Zealand som dannar den nordlege avgrensinga til den gamle Lytteltonvulkanen, og som skil hamna i Lyttelton frå byen Christchurch i regionen Canterbury. Vulkankrateret er eit av dei to som opphavleg danna halvøya Banks Peninsula (Horomaka) for meir enn 12 millionar år sidan. Fjellrekkja Port Hills ligg tilnærma i austleg-vestleg retning, og hevar seg til toppar på mellom 350 og 500 moh. Fjellrekkja er viktig i geologisk, miljømessig og rekreasjonsmessig samanheng.

Wikipedia



Impressum