Heimefrontfjella

中文 Deutsch English Svenska Norsk (Bokmål)

Heimefrontfjella er ei fjellkjede i tre grupper 93 km vest-sørvest for Kirwanveggen i Dronning Maud Land i Antarktis. Ho strekkjer seg 100 km frå nordaust til sørvest. Fjellkjeda vart observert og fotografert av Maudheimekspedisjonen under ein flytur frå Maudheimstasjonen i januar 1952. Namnet «Heimefrontfjella» vart gjeve av norske styresmakter. Fjellkjeda kan òg omfatta dei grovt kartlagde fjella identifisert som «Kottas Berge» på kart av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen i 1938–39.

Wikipedia



Impressum