Seljordsvatnet

Deutsch Dansk English Norsk (Bokmål)

Seljordsvatnet
Wikipedia

Seljordsvatnet er ein innsjø i Seljord kommune i Telemark. Seljordsvatnet er 16 km² stort og 15 km langt, 1,8 km breitt og 145 meter djupt. Innsjøen er mest kjend for Seljordsormen. Dyret har i seinare tid vorte døypt Selma og er kjend frå skriftlege kjelder midt på 1700-talet. Ulike ekspedisjonar har fleire gonger besøkt innsjøen i eit forsøk på å bevise at ormen eksisterer. Fiskelivet i Seljordsvatnet er sik og aure.




Impressum