Hårteigen

Suomi Nederlands Čeština Deutsch Español Magyar English Norsk (Bokmål) Català

Hårteigen
Wikipedia

Hårteigen er eit av dei høgaste fjella på Hardangervidda etter Sandfloegga, Nupsfonn og Hardangerjøkulen. Toppen ligg i Ullensvang herad i Hordaland fylke. Fjellet er det mest karakteristiske landemerket på vestvidda og er synleg over store område. Det vert derfor kalla kongen av Hardangervidda. Frå toppen (1690 moh.) er det i klårvêr godt utsyn til mange landemerke som Folgefonna (i vest), Gaustatoppen (søraust) og Fravikbreen (nord). Botanikaren Christen Smith, J. Fr. Schouw og prost Niels Hertzberg frå Ullensvang gjekk til toppen av Hårteigen 18. august 1812.




Impressum