Huaynaputina

Suomi Lietuvių Українська 日本語 Español Slovenčina English Русский 한국어 Français 中文 Polski Magyar Dansk Nederlands Português Čeština Deutsch עברית

Huaynaputina
Wikipedia

Huaynaputina (quechua Waynaputina) er ein stratovulkan som ligg i det vulkanske høglandet sør i Peru. Vulkanen kan ikkje identifiserast som eit eige fjell, men har i staden form som eit stort vulkankrater. Han har produsert høg-kaliumhaldig andesitt og dasitt. Den 19. februar 1600 eksploderte vulkanen katastrofalt (vulkaneksplosivitetsindeks eller VEI 6) i det som var den største vulkaneksplosjonen i Sør-Amerika i historisk tid. Utbrotet heldt fram med ei rekkje hendinga fram til mars. Ei skildring av hendinga er fortalt i Fray Antonio Vazquez de Espinosa sin Compendio y Descripción de las Indias som vart omsett til engelsk som Compendium and description of the West Indies i 1942.




Impressum