Huladalen

فارسی Українська 日本語 Español Slovenčina English Русский Română Português Français Polski Svenska العربية Čeština Deutsch Italiano Norsk (Bokmål) Català עברית

Huladalen (hebraisk עמק החולה, Emek HaHula, òg skrive Hulehdalen) er eit jordbruksområde nord i Israel med mykje ferskvatn. Det er ein viktig stoppestad for trekkfuglar langs Riftdalen mellom Afrika, Europa og Asia. Myrlandet kring Hulasjøen var yngleområde for mygg som bar malaria og vart drenert i 1950-åra. Ein liten del av dalen vart seinare fylt att med vatn for å prøve å redde det nesten utrydda økosystemet. Det er estimert at 500 million trekkfuglar i dag passerer gjennom Huladalen kvart år.

Wikipedia



Impressum