Raasay

Ελληνικά Español English Русский Français 中文 Polski Svenska Català Nederlands Čeština Deutsch Italiano Norsk (Bokmål)

Raasay
Wikipedia

Raasay (skotsk-gælisk Ratharsair) er ei øy mellom Isle of Skye og fastlandet i Skottland. Mellom Skye og Raasay ligg Sound of Raasay og mellom Applecross og øya ligg Inner Sound. Øya er mest kjend for å vere fødestaden til diktaren Sorley MacLean, ein viktig person i skotsk renessanse. Tradisjonelt har øya høyrt til MacSween-klanen, men vart styr av MacLeod-klanen frå 1500- til 1800-talet. Øya har i stor grad vore i privat eige opp gjennom åra. Raasay House, som vart vitja av James Boswell og Samuel Johnson i 1773, er i dag eit utandørssenter. Raasay tyder «Rådyrøya» og ein endemisk underart av klatremus held til på øya.




Impressum