Contact Point

中文 Deutsch English Svenska

Contact Point er eit lite klippenes i Antarktis som ligg like vest for Sheppard Point på nordsida av Hope Bay på Trinityhalvøya. Det vart først kartlagd som ei øy av Den svenske antarktisekspedisjonen, 1901–04, men det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1955 og det vart oppdaga at det var eit nes. Det fekk dette namnet frå FIDS fordi dei fann bergartane gråvakke, tuff og dioritt på og nær dette neset. Slik kontakt (contact på engelsk) hadde dei ikkje hatt før, og funnet var særs viktig for tolkinga av geologien på Tabarin Peninsula.

Wikipedia



Impressum