Français 中文 Deutsch English Русский Svenska Italiano
Caher Island (Cathair na Naomh på irsk) er ei øy utanfor kysten av County Mayo ved Irland. Øya er ikkje busett og ligg mellom den større øya Clare Island og Inishturk. Ho er ein gamal pilegrimstad og vert framleis vitja på grunn av dette. 15. august kvart år, på Jomfru Marias himmelfart, vert det gjort pilegrimsreiser til øya. Namnet på irsk tyder «Helgenane sin by». Ein kan kome til øya med båt frå Inishturk.